lørdag 29. september 2012

LUS (leseutviklingsskjema)

LUS (leseutviklingsskjema) er utviklet i Sverige, og basert på forsking og erfaring frå klasserommet om korleis barn lærer å lese. LUS er eit kartleggingsverktøy som brukast for kvalitativ vurdering av elevens leseferdighet og leseutvikling. LUS beskriver ein prosess som går føre seg. Ved hjelp av LUS kan læraren følgje opp eleven, og støtte eleven i leseutviklinga. LUS består av fleire utviklingsfasar. Kvar fase består av utviklingspunkter med bestemte kvaliteter som eleven må rå over for å bli vurdert under dette punktet.  I begynninga går det relativt rask mellom fasane, mens det seinare går lengre tid mellom fasane.

LUS er som sagt eit vurderingsverktøy, og som eg observerte og oppfatta det i praksis så er dette ein “løypande” prosess. Vurderinga går føre seg ikkje bere akkurat når lærer “lusar” eleven, men lærar observerer også eleven i klasserommet. Dette er formativ vurdering. I denne prosessen er lærer ein rettleiar, og støtter eleven på vegen mot aktuelle læringsmål. Eleven får tilbakemelding om kor han/ho står i forhold til desse måla.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar